Zumba/Latino

For vaksne som vil byrje å danse!

På oppfordring frå spreke førdefolk som ynskjer seg EN heilag treningskveld i veka, blir det ein Latino danseklasse i Zumba-stil på Danseverkstedet. Dette er en open klasse, ingen aldersgrense, men er tenkt for vaksne. Du kan gjerne kombinere denne timen med Yogaklassen som går like etterpå.

Dans Latino er ein danseklasse som ikkje krev hverken form eller forkunnskap. Det er ei dynamisk og energisk treningsform til latinarmerikanske rytmar. Klassen er bygd opp av enkle steg og kombinasjonar frå merengue, cumbia, samba, salsa og reggaeton. Variasjonar i tempo, trinn og tyngde utfordrar kondisjon, koordinasjon og styrke. Og målet er å sleppe laust både hofter, sveitten og smilet.

Utstyr for Dans Latino

Behagelege treningskle. Akkurat så fargerike som du sjølv foretrekker det.

Sko med glatt såle, for å unngå å sitte fast i golvet og vri av oss knærne.

Vannflaske og eit lite handkle om du har tenkt å gi jernet 🙂