Andrine Faleide
Utdanning:
Grunnskulelærar (adjunkt) – Høgskulen på Vestlandet
Dance Performance BA Honours (bachelor) – Middlesex University, London
Andrine Faleide starta på Danseverkstedet som 4 åring, og dansa ballett og jazz her fram til ho starta på vidaregåande. Dei første åra på vidaregåande valde ho å ta ein pause frå dansen for å satse på volleyball, men etter to år innsåg ho at det var når ho dansa at ho hadde det kjekkast, og ho valde å returnere til Danseverkstedet. Ved sida lærarstudiet i Bergen var Andrine aktiv i Terpsichore Dansekompani, samt elev ved Hildemors Dansesenter og Bergen Dansesenter. Til tross for alle desse dansetimane i veka følte ho at ho aldri fekk nok dansing, og dette blei hovudmotivasjonen for å starte på den treårige danseutdannigna ved Middlesex University i London.

