Miriam Hjelmeland Førde

Miriam Hjelmeland Førde er utdanna dansar frå Universitetet i Stavanger, med ein Bachelor i dans og pedagogikk. Ho har vidareutdanning frå Peridance Capezio i New York, og frå Masterprogrammet i Kulturstudiar ved USN. Miriam er utdanna yoga-instruktør med et 200hrs Teacher Certificate i Sivananda Vedanta Yoga, frå India og New York.

Miriam starta si dansekarriere som ein av dei første elevane til Jorunn Reina, gjekk vidare på Spin Off forstudium i Dans i Oslo, og har dei seinare åra budd og dansa i lengre periodar på Cuba, i Argentina, og i USA. Etter fleire år på reisefot som dansar, lærar og koreograf i inn- og utland, har ho endeleg flytta heim til Førde for å drive Danseverkstedet vidare saman med Reina.

På Danseverkstedet underviser Miriam i Barnedans, Kreativ dans, Jazz, Street og Moderne/Release. Ho underviser også opne klassar i yoga og Dans Latino for ungdom og vaksne. Miriam har det faglege og pedagogiske ansvaret for danseklassane som våre eldste elevar underviser.