Klassisk ballett

Klassisk ballett er grunnleggande for alle former for scenisk dans. Klassisk 1 er ei vidareføring av det elevane har lært i barnedansen. For kvart nivå lærer elevane fleire steg og kombinasjonar. Gradvis meir utfordrande tekniske øvingar krev koordinering, balanse, styrke og tøying. Ved Danseverkstedet underviser vi etter det engelske undervisnings-systemet til Royal Academy of Dance (RAD). Frå og med 8/9- årsalderen kan elevane melde seg på 2 klassar klassisk i veka. Det er då muleg for dei å ta danseeksamen i RAD- systemet.

Våren 2019 ynskjer vi å tilby klassisk for dei som aldri byrja på barnedans, men framleis drøymer om å vere ballerina ein gong i veka 🙂  Her kreves ingen forkunnskap eller øvre aldersgrense.

Eksamen
RAD (Royal Academy of Dance) er ein engelsk organisasjon som har utvikla eit gradert undervisningsystem for klassisk ballet. Systemet er internasjonalt anerkjent og eksaminatorar frå RAD reiser verda rundt og eksaminerer ballettelevar. Vi samarbeider med Leyeunne Avdal i  Sogndal om å melde elevar opp til eksamen kvart år. Elevar som ynskjer å ta eksamen må følgje minst 2 klassar klassisk i veka, og delta på eksamenstreningar i utvalde helgar gjennom året.

Utstyr for klassisk ballett

Klassisk 1., 2., 3., og 4.klasse:
Kvit ballettdrakt, kvit ballettstrømpebukse, kvitt skjørt, rosa/beige ballettskko, håret opp i topp

Utstyr for klassisk 5. og 6 klasse:
Kongeblå ballettdrakt, kvit ballettstrømpebukse, rosa/beige ballettskko, håret opp i topp.

Utstyr for klassisk 7. kl og oppover:
Svart ballettdrakt, kvit ballettstrømpebukse, rosa/beige ballettsko, håret opp i topp

MERK: Tåspisssko blir introdusert først når eleven har den styrke og teknikk som kreves for ikkje å bli skada. Som regel tidligst 12 år+

Ta med eiga vannflaske inn i danseklassen.