Anders Alvaro Nydal

Anders Alvaro Nydal kjem frå Florø og har sin utdanning frå The Hammond School i Chester i England, der han har 3-årig Trinity National Diploma in Professional Dance.

Nydal har erfaring frå danseforestillingar, musikalar og operaforestillingar i Noreg og Europa, m.a. Taudevin Performing Company 2008/2009 UK & Europa Tour og med Opera Nordfjord. Nydal grunnla og drifta Nordfjord Performing Arts Academy på Nordfjordeid og Florø, har undervist ved ulike kulturskular i fylket, og har hatt koreografi og regi på ei rekke danseforestillingar og musikalar. Han har vore fast tilset på Sunnfjord Folkehøgskule som lærar på danselinja sidan 2013

Sidan 2013 har Nydal også vore ein del av Danseverkstedet sine pedagogar, og har bidrege med koreografi til alle vårforestillingane. Nydal underviser dette semesteret i jazz/contemporary og Streetjazz