Jorunn Reina

Jorunn Reina er eigar og leiar av Danseverkstedet.

Utdanning:
Adjunkt med opprykk
3-årig utdanning som dansepedagog frå Northern Ballet School i Manchester
Grunnfag og mellomfag i Dans frå Universitetet i Trondheim

Jorunn starta å danse klassisk ballett som 16-åring. Som 30-åring reiste ho til England og starta på danseutdanninga. I tillegg til vidareutdanning i dans har ho delteke på mange kurs for dansepedagogar i inn-og utland. Jorunn har fått bruke dansekunnskapane sine både som lærar for funksjonshemma barn og vaksne og som lærar i grunnskulen på barnesteget.

I 1995 starta Jorunn Danseverkstedet. Ho underviser i barnedans, jazz/moderne og klassisk ballett. Dette semesteret skal Jorunn undervise alle klassiske klassar og ha ansvaret for å følge opp elevar som vil ta ballett-eksamen.