Vårforestilling 2022

Danseverkstedet avsluttar kvart danseår med Vårforestillingar i Storsalen i Førdehuset. I år er forestillingsperioden frå 7. – 14. juni.  Her viser alle elevane koreografiar dei har jobba med gjennom året. Dei yngste deltek på ei framsyning med generalprøve. Dei eldste viser sine dansar på alle framsyningane. I oppkøyringsvekene får elevane anledning til å øve på scena i storsalen, når denne er ledig. Ekstraøvingar og øving i helger må difor påreknast.

Det vil bli lagt ut datoer og klokkeslett for øving/generalprøve og forestillinger nedenfor når det nærmer seg.

FORELDREHJELP

NB: Vi vil trenge foreldrehjelp for kvar av dansegruppene på generalprøver/forestillingar. Dei vil få ansvaret for å lose elevane til og frå scena, og halde dei samla før, under og etter at dei har vore på scena. På generalprøva får foreldrehjelparane informasjonsrunde med inspisient Astrid Stenhaug, med gjennomgang av arbeidsoppgåver. Foreldre som har gjort denne jobben i fleire år vil få hovedansvar for det som skjer bak scena.