I samband med dei årlege vårforestillingane, treng vi foreldrehjelp for å klare å organisere generalprøver og forestillingar på ein god måte, både for elevane og publikum.

Jobben er halde ungane samla og trygge, følge dei til og fra scena, og vere saman med dei. Vi treng eit par foreldre til kvar av dei yngste gruppene, og dette kan gå på omgang frå år til år.

Foreldre som har lang erfaring med førestillingar blir gjerne brukt som ansvarlege bak sceneteppet og tek i mot gruppene som skal inn på scena.

I forkant av forestillingane syr vi ei mengde kostymer. Astrid Stenhaug er vår trofaste kostyme-sjef, men foreldre som ynskjer å bidra eit par kveldar er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss!