Jenny Oline Spjutøy – CLARA
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Sida eg var 6 år
Tidligare roller i Nøtteknekkaren?
– Russer, mus, spansk og born i selskapet
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Å få dukka mi av Drosselmeyer i selskapet då eg var born
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– Å sjå alt kome til live
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Vere med folk eg er glad i
Iselin Laukeland Vallestad – PRINSEN/NØTTEKNEKKAREN
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Sida eg var 4 år
Tidligare roller i Nøtteknekkaren?
– Russisk, spansk og born i selskapet
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Spenninga frå før eg skulle ut på scena i selskapet
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– Eg gleder meg til alle felles øvingane og sjølvsagt til sjølve fremsyninga
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Ha det kjekt med familien og ete god mat
Nora Vøllestad Westbye – SUKKERTØYFEEN
Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?
– I år spelar eg rolla som Sukkertøyfeen
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Eg byrja å danse ved Danseverkstedet då eg var 3 år, altså i 14 år.
Har du deltatt i Nøtteknekkaren før?
– Før i Nøtteknekkaren har eg dansa som lillebroren til Clara, born i selskapet, russisk og spansk
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Eg trur at mitt kjekkaste minne var då eg fekk klem og blomst av Ordføraren (hahaha), OG eg hugsar også at noko av det kjekkaste var julestmeninga ein fekk på framsyninga, og samhaldet mellom dansarane
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– I år gledar eg meg mest til å stå på scena med store og små, og spre juleglede til alle i publikum
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Det viktigaste for meg i jula er nok å vere rundt dei eg er glad i, og det at alle tek litt meir vare på kvarandre og visar litt meir kjærlighet, det er viktig det!
Johanne Sætevik Hilding – RØYRFLØYTE
Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?
– Røyrfløyte, blomstervals, snøfnugg, forelder i selskapet
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Sida eg var 3 år, altså 15 år no.
Tidligare roller i Nøtteknekkaren?
– Russisk, spansk og born i selskapet
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Julestemninga eg får rundt øvingane og framsyningane
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– Eg gleder meg til følelsen av å danse på scena under framsyningane
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Vere med familie, ete god mat og kose meg
Eline Volstervik Styve – RØYRFLØYTE
Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?
– I år danser eg røyrfløyte, snøfnugg, blomstervals og er foreldre i selskapet
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Eg har dansa ved Danseverkstedet sida eg var 4 eller 5 år
Har du deltatt i Nøtteknekkaren før?
– Før har eg vore born i selskapet, dansa russisk og spansk
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Mitt kjekkaste minne er alle kostyma eg har hatt på framsyningane
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– I år gler eg meg mest til julestemninga eg får under framsyninga
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Det kjekkaste i jula er å tilbringe jula med familie og venner
Tuva Birkeland Mattevik – KLOVNEN
Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?
– Klovn og blomstervals
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Sida eg gjekk i barnehagen
Har du deltatt i Nøtteknekkaren før?
– Ja, dette er mi tredje runde med Nøtteknekkaren
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Dansehelgene der alle gruppene øver ilag, og sjølvsagt sjølv forestillinga
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– Eg gleder meg veldig til framsyningane og generalprøvane
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Kjekkaste med jula for meg er tida før julafta, og når vi eter den gode maten på julafta
Emilie Kongsvik – SUKKERTØYKOKKA
Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?
– Sukkertøykokka
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Eg har dansa ved Danseverkstedet i 12 år
Har du deltatt i Nøtteknekkaren før?
– Ja, då har eg har dansa kinesisk, russisk og vert soldat
Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?
– Adrenalinet før eg skal på scena
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– Å vise frem det vi har jobba hardt med dei siste månadene
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Å vere med dei du er glade i
Tobias Fossheim Lykkebø – DROSSELMEYER
Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?
– Eg spelar som Drosselmeyer i år
Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?
– Eg har dansa på Danseverkstedet sida eg var 13 år, så eg har dansa i 6 år på Danseverkstedet
Har du deltatt i Nøtteknekkaren før?
– Nei eg har ikkje vore med i Nøtteknekkaren før, dette var faktisk første gong eg hørte om det!
Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?
– Eg gledar meg veldig til å stå på scena og vise fram det vi alle har øvd på. Det er mange av dei som skal vere med, som eg synst er veldig talentfulle og som eg ser jobbar ekstremt hardt, og eg gledar meg til å få sjå dei vise fram det dei har øvd på lenge no, og å få sjå dei på sitt beste.
Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?
– Det viktigaste for meg i jula må vere felleskapet. Det å være rundt folk du er glad i, vise kvarandre litt ekstra at ein er glad i kvarandre, og å spre juleglede og kjærleik til både nære folk, men også folk ein kanskje ikkje kjenner så godt heller. Det er berre noko med jula som bringer folk veldig sammen.







