Nettsida er klar!

Danseverkstedet har tatt steget inn i den digitale verda! På vår nye nettside finn du informasjon om dei ulike kurstilboda og klassane, om pedagogane og instruktørar, og du finn timeplanen for ulike alderstrinn. Du finn også ein semesterplan som vil fyllast av aktivitetar utover hausten.

Påmelding:

Vi ber også om at nye og gamle elevar melder seg på kurs gjennom påmeldingsskjemaet på framsida. Enkelte klassar er nær fulle og det er førstemann til mølla, men gamle elevar har fortrinnsrett fram til 15.august. Du vil kort tid etter påmelding motta beskjed om du har fått plass eller om du står på venteliste. Lurer du på kva klasse som kan passe best kan du skrive ein kommentar i påmeldingsskjemaet og Jorunn Reina vil kontakte deg og gje si anbefaling.

Vi gler oss til ny oppstart i nye lokaler!

Med helsing frå oss på Danseverkstedet!