Reglement/Trivselsreglar

Trivsel

På Danseverkstedet skal alle elevar føle seg trygge, verdsette og oppmuntra til å utfolde seg kreativt og personleg. Vi fokuserer på samarbeid, samhold og heiar på kvarandre. Vi har nulltoleranse for mobbing, utfrysing og oppførsel som er til skade for medelevar og miljøet på Danseverkstedet. Konfliktar blir tekne opp med gjeldande elevar og føresatte blir kontakta dersom nødvendig.

Tryggleik

Vi ber om at foreldre fylgjer dei yngste barna heilt inn til dansesalen, og møter dei der etter timen. Elevar som av ulike årsaker må vente på å bli henta blir oppfordra til å vente inne i opphaldsrommet eller eit ledig studio.

Eigedelar

Vi ber om at både elevar og foreldre set frå seg sko i hyller i gangen. Dette på grunn av branntryggleik og framkomelegheit i korridoren, og for reinhald og vedlikehald av dansegolv. Eleven har sjølv ansvar for dansetøy/sko og andre eigedelar. Alt som vert attgløymd tek vi vare på gjennom ett semester. Kontakt oss dersom du har mista noko.

Fotografering/opptak

Danseverkstedet står fritt til å bruke bileter/opptak tatt fra våre forestillinger i pressemateriale og nettsider. Bileter frå undervisning blir berre publisert etter avtale med føresatte, og kun på våre eigne nettsider. Foreldre og elevar som tek private bileter blir bede om å ta det same hensynet til personvern.

Rettar til bruk av koreografi

Eleven har ikke lov til å bruke koreografi/øvelser de lærer på Danseverkstedet til framsyning eller undervisning i eigen regi utan pedagogar og Danseverkstedets samtykke. Koreografier er åndsverk på same linje som eksempelvis musikk og film.