Prisar og vilkår

Prisar for Haustsemesteret 2020 pr. elev;

45 min klasse : 2280,-
60 min klasse: 2280,-
90 min klasse: 2890,-
På 2. klasse: 10 %
På 3. klasse: 20 %
På 4. klasse: 20 %
På 5. Klasse 20 %

  1. Haustsemesteret ved Danseverkstedet fylgjer vanleg skulerute, med haustferie i veke 41. Sjå semesterplan
  2. Danseverkstedet kan avlyse 2 undervisningsdagar per fag og semester.
  3. Elevar kan etter avtale med pedagogane bruke ledige studio til eigentrening.
  4. Ekstra øvingar kan forekomme i samband med vårforestilling og andre oppdrag.

Betaling

Ved påmelding vil det bli sendt ut faktura med 2 vekers betalingsfrist. Betalt semesteravgift sikrar din plass på Danseverkstedet, og inneværande semester må vere betalt for å kunne melde seg på eit nytt semester.

Nye elevar ved Danseverkstedet får 2 prøvegongar før faktura blir sendt ut. Elevar som ikkje ønskjer å fortsette MÅ gi beskjed før 3. undervisningstime, ellers må ein betale full semesteravgift. Elevar som starter etter semesterstart må også betale full semesteravgift.

Ved forseinka betaling vil det bli sendt betalingspåminning og/eller inkassovarsel og lovbestemte gebyr vil påløpe. Dersom du har behov for å betale beløpet i 2 avdrag, tek du kontakt direkte med Jorunn Reina.

Elevar ved Danseverkstedet blir automatisk overført mellom haust- og vårsemester og mottek ny faktura i løpet av januar. Føresette må difor gje skriftleg beskjed innan 3. undervisningstime dersom ein ikkje ynskjer å fortsette etter jul. NB: Betalt semesteravgift blir ikkje refundert.

OBS: Frå vår- til haust semesteret må alle elevar, nye og gamle, sende ny påmelding via nettsida.

Les også reglar for trivsel og tryggleik ved Danseverkstedet