Om oss

Danseverkstedet vart starta av Jorunn Reina i 1995, og har sidan den gang undervist fleire tusen born. Eit titals elevar har også gått vidare til vidare utdanning i dans i inn og utland.

Nye lokaler og utvida timeplan!

Hausten 2018 opnar vi våre nye og heilt eigne lokaler på Prestebøen. 3 nye dansesalar står klar til å ta i mot gamle og nye elevar, og med 2 pedagogar på fulltid er  timeplanen kraftig utvida. Sjå kurstilbod!

Vi tilbyr undervisning i barnedans, klassisk ballett, jazz, moderne/release og hiphop/streetdance. Frå og med hausten 2018 vil vi også ha klassar i kreativ dans for barn og zumba og yoga for ungdom og vaksne.

Kvar vår har vi elevframsyning i Førdehuset der alle elevane deltek. Vi har også ein lang tradisjon for samarbeid om framsyningar med Førde Kulturskule, deriblant Nøtteknekkaren. Vi tek også imot oppdrag om å stille med danseinnslag for ulike lag og organisasjonar, både enkeltdansar og tilpassa koreografiar.

Kart

Danseverkstedet i Førde ved Jorunn Reina:
Tlf 472 32 429 eller epost jorunn.reina@enivest.no.