Opne Klassar

I desse opne klassane ynskjer vi velkommen til ungdom og vaksne med og utan forkunnskap eller tilknytning til Danseverkstedet. Klassane er også open for dei eldste elevane ved Danseverkstedet.

Ta kontakt dersom du er uskker på om ein klasse passar for deg!
Miriam Førde, 901 05 876

Zumba
For støttemedlem på treningsstudio, og andre som kan sette av ein kveld i veka til ein real treningstime i godt selskap. Ein time med høgt tempo og enkle trinn, men ei slik fast gruppe tillet også progresjon tilpassa gruppa. Les meir om timebeskrivelsen her. Kombiner gjerne zumba med ein deilig time på yogamatta like etterpå.

Yoga
Ein klassisk Hatha-yoga time som ikkje krev erfaring eller forkunnskap om yoga.  For timebeskrivelse, sjå kurstilbod.

Yoga dansarar, Øvet nivå
Timen er tilrettelagt for våre eldste elevar. Dei er utan yogaerfaring så vi begynner med basic, men forventar ein kjapp progresjon. Timen er derfor fin for dei som ikkje dansar men som har erfaring med yoga.  Les meir>

DV veteranar
Danseverkstedet sine førstegenerasjons elevar har blitt vaksne og flytta heim! Mange har fått barn, dei fleste har ikkje dansa ein meter sidan sist, men no samlast vi på golvet igjen. Timen er basert på moderne/release, form og utrykk blir til mens vi rullar i vårt eige tempo. Sjå kursbeskrivelsen for meir info.

Advanced
Advanced klassane i Streetjazz, Jazz/contemporary og Moderne/Release er tilpassa våre eldste elevar og held eit høgt nivå. Klassane er også opne for andre med danseerfaring. Sjekk ut kurstilbodet for nærmare klassebeskrivelse.

Utstyr

Zumba: Innesko med glatt såle.

Yoga: Ta med eiga yogamatte

Moderne/Release: Anbefalar langbukse og t-skjorte eller ein tynn langerma gensar.

HUKS DRIKKEFLASKE – det skal svettast.