Kreativ dans

Kreativ dans er eit nytt tilbod ved Danseverkstedet. Klassen gir verktøy og stimulerer til kreativitet, bevegelsesfridom og kommunikasjon, gjennom improvisasjon, skapande arbeid og samarbeid.  Klassen er ei vidareføring av grunnleggande ferdigheter frå barnedans, og går teknisk i retning av moderne dans. Vi leikar oss med tid og rom, brukar heile golvet, og øver styrke, balanse og koordinasjon i heile kroppen. Musikken varierer i tempo, stil og stemning, og utrykket blir forma av dei elevane som er i klassen. Klassen er både for dei som har mykje energi og utrykksbehov, og for dei som kanskje treng litt tid og tryggleik for å sleppe seg laus.

I første omgang tilbyr vi to klassar i kreativ dans, for alderstrinna  1.-2. klasse og 3.-5. klasse.  Det er Miriam Førde som underviser begge klassane.

Utstyr for kreativ dans

Behagelege klær som gir rom for full bevegelse. Gjerne langbukser og t-skjorte eller tynne langarma. Sokkar eller barbeint.  Langt hår må samlast i hestehale/fletter.

HUSK å ta med drikkeflaske inn i dansesalen.