Jazz

Jazzdans har mange ulike stilartar og uttrykk og er ei danseform i stadig utvikling. Med røter frå afrikansk dans, den svarte befolkninga i USA på tidleg 1900-talet, via jazzmusikken (derav navnet), har dansestilen spreidd seg over heile verda. Jazzdans har sin tekniske base frå den grunnleggjande klassiske balletten, men utrykket fylgjer trendar, motar og populærmusikken og er mykje brukt i show-og musikaldans.

I jazzklassane våre fokuserer vi på utvikle tekniske danseferdigheter, musikalitet og danseglede. Gjennom tekniske øvingar og koreografiar vil du utvikle styrke, koordinasjon og smidighet. Det er ein fordel for utviklinga i jazzklassen dersom eleven også går på klassisk, men det er ikkje eit krav.

Showjazz

Jazzgruppene for dei yngste er ein introduksjon til grunnleggande dansetekniske ferdigheter, koordinasjon, rytme, trinn og kombinasjonar. Musikken varierer frå dagens hitlister til kjende musikalar.

Funkjazz

Dei litt eldre elevane blir utfordra vidare på stilforståelse, dynamikk, expressivitet og musikalitet. Framleis med ein sterk teknisk base i oppvarminga, vil kombinasjonane variere i stil og musikkvalg.

Streetjazz

Streetjazz er ein stil som blander street dance og jazz-dans i et meir urbant utrykk enn den reine jazzklassen. Vi bruker mykje forskjellig musikk, og vil prøve oss på helt forskjellige type danser innenfor streetjazz. I denne klassen har vi fokus på isolasjonar, dynamikkskift mellom rolige og skarpe bevegelsar, koordinasjon og synkronisering.

Elevane vil og jobbe saman i små grupper eller åleine der dei lagar små koreografiar til dansen vi jobbar med. Streetjazz er den stilen du ofte ser i musikkvideoer og show blant dagens artister.

Jazz/Contemporary

Contemporary er ein nyere dansestil som har sin opprinnelse fra klassisk ballett, moderne dans og jazz. Dansestilen har vore ett fast og populært innslag i tv programmet So you think you can dance. Contemporary er ein spennande og teknisk krevjande dansestil. Dynamikk, tempo og retningsskift og stort fokus på musikalitet, krev koordinasjon, smidighet, styrke og klassisk teknikk.

Utstyr for jazz

Behagelege treningskle

Drikkeflaske