Hiphop / Street

Hip hop er ein heil subkultur der dans er eitt av utrykka. Breakdans, dansebattles og freestyling/improvisasjon i sosiale settingar har utvikla ulike stilar, som etterkvart har funne sin veg inn i dansesalar. Street dans er ofte ein samlebetegnelse for stilar og danseformer som har oppstått «på gata» utanfor dansestudio, og er nært knytt til ulike musikksjangrar.

Ein street time kan innehalde element av ulike stilar som house, locking, dancehall og andre urbane dansestilar, og hentar inspirasjon frå den den nyaste musikken og musikkvideoar. Dei ulike klassane vil variere med den ulike læraren sin egen stil og smak, men ein time vil alltid innehalde oppvarming, styrke, bevegelighetstreninng, trinnkombinasjoner og koreografi.

Hiphop/Streetjazz

Hiphop/Streetjazz er ein stil som blander street dance og jazz-dans i et meir urbant utrykk enn den reine jazzklassen. Vi bruker mykje forskjellig musikk, og vil prøve oss på helt forskjellige type danser innenfor streetjazz. I denne klassen har vi fokus på isolasjonar, dynamikkskift mellom rolige og skarpe bevegelsar, koordinasjon og synkronisering.
Elevane vil og jobbe saman i små grupper eller åleine der dei lagar små koreografiar til dansen vi jobbar med. Streetjazz er den stilen du ofte ser i musikkvideoer og show blant dagens artister.

Utstyr for Hiphop/Street

Kle som tillett mykje bevegelse.

Sko med glatte såler, eller barbeint

Vannflaske