Barnedans (4- og 5-åringar)

I Barnedans legg vi vekt på grunnleggande motoriske ferdigheter (åle, krabbe, spinne, springe, hoppe og rulle), koordinasjon, romforståing og rytme. Elevane lærer enkle dansesteg og blir introduserte for element frå klassisk ballet, jazz og moderne. Målet er å utvikle større kroppsmedvet, og forståing av korleis musikk og rørsler kan høyre saman. Fantasien, musikken og leiken er eit hjelpemiddel, men og viktig i seg sjølv.

Barnedans 1 er for 4 åringar. Barnedans 2 er for 5-åringar og er ei vidareføring av det som blir lært på barnedans 1. Nye elevar er også velkomne til å byrje på Barnedans 2 dersom der er ledige plassar i klassane.

I starten er foreldre velkommen til å bli med inn i klassen. Etterkvart som elevane blir trygge, ynskjer vi at foreldrene ventar på gangen/opphaldsrommet.

Utstyr for barnedans 1 og 2

Jenter skal ha rosa ballettdrakt, rosa strømpebukse, rosa/beige ballettsko, oppsatt hår. Ingen smykker.

Gutar skal ha svart strømpebukse, kvit t-skjorte og svarte sokkar.

TA MED ei lita vannflaske inn i dansesalen.