Foreldrehjelp

I samband med dei årlege vårforestillingane treng vi foreldrehjelp for å klare å organisere generalprøver og framsyningar på ein god måte, både for elevane og publikum.

Jobben er å halde ungane samla og trygge, følge dei til og frå scena, og vere saman med dei. Vi treng tre-fire foreldre til kvar av dei yngste gruppene, og dette ynskjer vi kan gå på omgang frå år til år. Foreldrehjelparane må også delta på generalprøva der dei får gjennomgang av oppgåvene sine.

Foreldre som har lang erfaring med framsyningar får gjerne overordna oppgåver, som t.d. hjelpe til bak scena, ta i mot gruppene som skal inn på scena og sørge for effektive sceneskift og flyt i framsyninga.

I forkant av framsyningane syr vi ei mengde kostymer. Astrid Stenhaug er vår trufaste kostyme-sjef, men foreldre som ynskjer å bidra eit par kveldar er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss!